Detta är en artikel från Universitetet i Agder, Norge:
Dette kan gjere livet lettare for ferske mattelærarar
– Nyutdanna lærarar får ein tjuvstart når dei tar til med undervising i skulen, seier Amalie Sødal.
Det får dei no på Universitetet i Agder (UiA) gjennom undervisinga til Amalie Sødal.
Ho forskar på undervisningsmetodar i matematikk, og tok nyleg doktorgrada med ei avhandling om undervisning i matematikk.
Ressursbank
– Alle lærarar utviklar etter kvart ein ressursbank for ulike fag dei underviser i. Med dette opplegget får studentane allereie frå dag éin som lærar med seg ei rekkje med ulike metodar for å lære elevane matte, seier Sødal.
