NOMAD 19(3-4), 2014

Skapad: 2014-10-22. Ändrad: 2014-10-22  

NOMAD 19(3-4), 2014

Matematisk kvalitet i undervisning

Frode Opsvik og Leif Bjørn Skorpen

Sammanfattning

Vi vil i denne artikkelen studere kvalitetar ved matematikkundervisning. Dette gjer vi ved å ta i bruk omgrepet Matematisk kvalitet i undervisning (MKU) som byggjer på Mathematical quality of instruction (MQI) og eit tilhøyrande observasjons- go analyseinstrument som er utvikla av ei forskargruppe i USA. Vi vil arbeide med følgjande forskingsspørsmål: Korleis kan ein tilpasse og utvikle omgrepet MKU med tilhøyrande omgrepsapparat til bruk i rettleiingssituasjonar? På kva måtar kan ein bruke MKUindikatorane som ein reiskap til å fokusere på ulike kvalitetar ved det matematikkfaglege innhaldet i undervisninga? Analyseinstrumentet (MQI) er opphavleg etablert for å gje eit kvantitativt mål på den matematiske kvaliteten i ein lærar si undervisning, basert på videoopptak av undervisninga. I rettleiingssituasjonar har vi bruk for å fokusere på kvalitative sider ved undervisninga. Artikkelen viser korleis vi har tilpassa analyseinstrumentet til kvalitativ bruk. Døme på bruk av omgrepsapparatet er henta frå eige videomateriale innsamla i prosjektet ”Kvalitet i opplæringa” ved Høgskulen i Volda. MKU-omgrepsapparatet vil etter vårt syn vere nyttig ved til dømes observasjon og rettleiing av lærarstudentar i praksis.

Abstract

In this article we show how mathematics instruction can be studied by applying a modified version of the concept Mathematical quality of instruction (MQI), and its related observation and analysis instrument, developed by a U.S. research team. Our research questions are: How can we adapt and develop the concept of MQI and its associated structure of concepts for use in tutoring situations? And how can we use the adapted MQI-indicators as a tool to focus on various mathematical qualities in mathematics instruction. The MQI instrument was originally developed for making quantitative studies based on videotapes of mathematics lessons. We have translated and adapted the key concepts of this instrument to Norwegian, and show how these can be used in qualitative analyses of mathematics instruction. Examples of this usage are taken from our own video material collected in the project ”Kvalitet i opplæringa” (Quality in education) financed by The Research Council of Norway and Volda University College. Our adapted instrument is, in our opinion, useful when observing and tutoring student teachers.

Frode Opsvik

Frode Opsvik er høgskulelektor i matematikk og har undervist i lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda sidan 1998. Forskingsinteressa hans er klasseromsstudier av matematikkundervisning som grunnlag for kvalifisering av lærarar.

Leif Bjørn Skorpen

Leif Bjørn Skorpen er førstelektor i matematikk og har undervist ved lærarutdanningane ved Høgskulen i Volda sidan 1992. Hans interesser er i hovudsak knytt til klasseromsforsking, matematikkvanskar og matematikk i tverrfaglege samanhengar, spesielt matematikk og musikk.