NOMAD 14(3), 2009. Nokre spesielle trekk ved arbeidet med matematikkfaget i begynnaropplæringa

Skapad: 2009-11-24. Ändrad: 2009-11-24  

NOMAD 14(3), 2009. Nokre spesielle trekk ved arbeidet med matematikkfaget i begynnaropplæringa

Nokre spesielle trekk ved arbeidet med matematikkfaget i begynnaropplæringa
LEIF BJØRN SKORPEN

Sammanfattning

Denne artikkelen fokuserer på arbeidsformer i matematikk i begynnaropplæringa i grunnskulen, og byggjer på data innsamla gjennom klasseromsobservasjonar over ein treårsperiode (2002–2005). Funna som her blir presenterte viser stor variasjon i arbeidsmåtar, men tradisjonelle arbeidsmåtar har ei dominerande rolle. Lærebøkene styrer svært mykje av aktiviteten og taus oppgåveløysing er den mest typiske arbeidsforma. Temaarbeid utgjer ein betydeleg mindre del av undervisningstida enn det læreplanen føreskriv. Det er lite samarbeid og elevane får i liten grad uttrykke tankane sine i ein sosial samanheng. Elevane får i liten grad hjelp frå lærar til å strukturere kunnskapen og til å sette ny kunnskap inn i ein større samanheng. Det mest oppsiktsvekkjande einskildresultatet er at det vert brukt markert mindre tid til arbeid med matematikkfaget enn det læreplanen legg opp til.

Abstract

This article focuses on kinds of working methods in mathematics in grades 1–4. It is based on classroom observations as part of a research project at Volda University College called: ”Elementary teaching and adapted learning”. Though our findings show a great variation in the way to organise and work with mathematics, it is the traditional working methods that dominate. Much of the teaching is directed by the textbooks, where silent and individual work with exercises has a dominating role. The pupils have to a small extent been challenged to collaborate, to put their thoughts into words and to communicate their thoughts and opinions to others. The pupils get little help from the teacher to structure their knowledge, and to connect new knowledge with existing knowledge. The total time used for mathematic activities is far less than stated by the curriculum.

LEIF BJØRN SKORPEN
Leif Bjørn Skorpen er høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Forskingsinteresser: Klasseromsforsking, matematikk i tverrfaglege samanhengar og haldningar til matematikk.